Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Etablerarprøven for serveringsverksemd

Etablererprøva skal hjelpe til å sikre at dagleg leiar har dei nødvendige grunnkunnskapane om økonomistyring og lovgiving som er sentrale for drift av serveringsstader.

Tenesteomtale

Før ein serveringsstad kan få serveringsløyve, må dagleg leiar av serveringsstaden ha klart etablerarprøven. (Dette er ikkje det samme som kunnskapsprøven etter alkohollova.)

Etablerarprøven skal sikre at den som er ansvarleg for serveringsstaden, har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgjeving som har noko å seie for drifta. Kommunen skal halde prøven innan to månader etter at han har tatt imot melding om at du ønskjer å avleggje prøven.

Etablerarprøven er ein fleirvalsprøve. Du vil få 90 minutt til å svare på prøven. For å klare prøven må 40 av 50 svar vere rette. Ta med gyldig legitimasjon.

Målgruppe

Dagleg leiar i ei verksemd som har eller søkjer om serveringsløyve

Lover

Sjå spesielt serveringslova § 5 Krav om etablererprøve

Forskrift om etablererprøve - serveringssted
Serveringsloven

Tjenesten oppdatert: 04.05.2020 13:48

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk Sami - Samisk
Endre - INTERN
Møllergata 24 0179 Oslo
Tlf: 22 20 07 10
Org.nr.: 943505527