Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Gravferd

Å sørgje for ei gravferd inneber som regel å ta kontakt med eit gravferdsbyrå som tek seg av alt det praktiske.

Dersom ingen sørgjer for gravferda, skal den kommunen der avdøde budde, sørgje for henne.

Du kan få støtte til å sørgje for ei gravferd.

Tenesteomtale

Den som har fylt 18 år, kan i ei skriftleg erklæring fastsetje kven som skal ha rett til å stå for gravferda. Elles vil det vere dei nærmaste etterlatne til den avdøde som har ansvaret for dette. Dersom det er usemje om kven som skal sørgje for gravferda, tar kommunen avgjerda. Dersom ingen sørgjer for gravferda, skal den kommunen der avdøde budde, sørgje for henne.

Kriterium/vilkår

Gravlegging skal skje med respekt for den religionen eller det livssynet som den avdøde hadde. Kremasjon kan skje med mindre det er kjent at det var i strid med den avdøde sit ønske. Dersom den avdøde ikkje er kremert, skal gravlegging skje seinast ti verkedagar etter dødsfallet.

Det er mogeleg å forlengje fristane dersom det er tungtvegande grunnar for det. Det er anten kommunen eller Kirkelig fellesråd som avgjer søknad om forlenging av fristen på ti dagar.

Pris for tenesta

Eit gravferdsbyrå skal utan å bli bede om det tilby prisliste til kundar som spør byrået om gravferdstenester. Ved tinging skal kundane utan å måtte be om det, få eit skriftleg pristilbod og få rimeleg tid til å setje seg inn i pristilbodet før det blir gjort avtale.

Folketrygda kan gi behovsprøvd gravferdsstønad med utgangspunkt i den siste tilgjengelege likninga/sjølvmeldinga. I dei fleste tilfella blir stønadssummen redusert med summen av finansformuen til den avdøde og det forsikringsbeløpet som blir utbetalt på grunn av dødsfallet.

Lover

Sjå gravplasslova kapittel 2. Sjå òg folketrygdlova kap. 7 og prisopplysningsforskrifta § 15

Folketrygdloven
Gravplassloven
Prisopplysningsforskriften

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Det er høve til å sørgje for alt sjølv i samband med ei gravferd, men dei fleste vel å bruke eit gravferdsbyrå i større eller mindre utstrekning. Den som har ansvaret for gravferda, avgjer i så fall sjølv kva gravferdsbyrå han eller ho ønskjer å bruke.

Eit gravferdsbyrå kan mellom anna hjelpe til med å

  • fastsetje tider for overføring, gravferd, kremasjon osv.
  • kontakte prest/imam/talar, musikarar, songarar, gravlund o.a.
  • skaffe kiste og utstyr, stelle den avdøde
  • ordne transport av kista
  • ordne papir til skifterett, politi, Nav, osb.
  • annonsere dødsfallet
  • trykkje songar, salmar og takkekort
  • ordne blomar, dekorasjonar, kransar
  • leggje til rette for og ta del under sørgjehøgtida
  • sørgje for melding til og oppgjer med Nav
  • ordne med minnesamvær
  • ordne med urnenedsetjing
  • ordne med inskripsjon på gravmonument, trekross/symbol og gravlykt

Nokre byrå formidlar òg tenester som reingjering av bustaden med rydding og bortkøyring.

Høve til å klage

Du kan ikkje klage på kommunen si avgjerd dersom det er usemje om kven som skal sørgje for gravferda. Avgjerda om å forlengje eller forkorte fristen for kremasjon og gravferd kan heller ikkje klagast.
 
Dersom du er misfornøgd med gravferdsbyrået kan du klage direkte til dei. Forbrukarrådet har utforma eit klagebrev som kan brukast: Gravferdstenester – Forbrukerrådet (forbrukarrada.no.) Hvis dykk ikkje blir einige kan du ta saka vidare til Forbrukertilsynet for mekling.  

Tjenesten oppdatert: 28.06.2024 08:15

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk Sami - Samisk
Endre - INTERN
Møllergata 24 0179 Oslo
Tlf: 22 20 07 10
Org.nr.: 943505527