Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Helsefremjande heimebesøk

Helsefremjande heimebesøk er eit tilbod til friske heimebuande eldre som ikkje har andre tenester frå kommunen. Målet med besøket er at eldre skal leve eit godt og sjølvstendig liv.

Tenesteomtale

Heimebesøka er individuelle og inneheld gjerne ein samtale om

  • kva slags informasjon du treng
  • kva slags kommunikasjon du ønskjer
  • tips og råd for å oppretthalde god helse
  • tryggleik og sikkerheit i heimen
  • eventuelle behov for hjelp.

Målgruppe

Eldre personar som ikkje tek imot tenester frå kommunen. Den vanlegaste aldersgruppa er dei frå 75–79 år.

Nokre personar er yngre, men er i ein situasjon som gjer at dei har større behov for kontakt. Dette kan vere personar som

  • har mista nokon (ektefelle eller andre i nær relasjon)
  • nyss er utskriven frå sjukehus
  • er pårørande til kronisk sjuke
  • snakkar dårleg norsk
  • takkar nei til besøk
  • viser teikn til psykiske eller fysiske plagar
  • nyttar tryggleiksalarm, TT-kort, o.l.
  • viser teikn til kognitiv svikt
  • har nedsett mobilitet
  • er einsame

Kriterium/vilkår

Kommunen vel sjølv kva for aldersgrupper som skal få tilbod om heimebesøk.

Lover

Denne tenesta er ikkje lovpålagd. Dei kommunane som tilbyr tenesta, kan bruke lovgrunnlaget i
Helse- og omsorgstenestelova § 3-1, § 3-3, § 4-1.
Pasient- og brukarrettslova § 3-1.
Folkehelselova § 5.

Folkehelseloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta


Du finn informasjon om tilbodet på kommunen sine heimesider eller hos senioresenteret og frivilligsentralen.

Saksbehandling

Kommunane skal ha oversikt over befolkninga sin helsesituasjon, og dei skal velje gode strategiar for å jobbe meir førebyggjande og helsefremjande.

Tjenesten oppdatert: 05.03.2021 15:27

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk Sami - Samisk
Endre - INTERN
Møllergata 24 0179 Oslo
Tlf: 22 20 07 10
Org.nr.: 943505527