Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kommunalt lån (sosiallån)

Det er mogleg å få lån frå kommunen dersom du slit med å få lån i banken. Men du må vere i stand til å betale tilbake lånet.

Tenesteomtale

Som ei form for økonomisk stønad kan sosialtenesta gje lån. Lånet kan du berre få dersom du på søknadstidspunktet har midlar, eller har ei rett til midlar, som faktisk ikkje er tilgjengeleg. Det kan til dømes vere at du er i ferd med å selje bilen, leilegheita eller ventar på lønnsutbetaling eller dagpengar.

Målgruppe

Dei som mellombels er ute av stand til å betale for livsopphald, for eksempel mat, klede, husleige, straum osv., eller som treng økonomisk hjelp i ein vanskeleg situasjon.

Kriterium/vilkår

Grunnvilkåret for å få kommunalt lån er det samme som for økonomisk stønad elles. Lån kan gjevast til den som ikkje kan sørgje for livsopphaldet sitt sjølv eller som treng lån for å tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon. I tillegg skal det vere sannsynleg at søkjaren vil vere i stand til å betale tilbake lånet.

Lover

Kommunen vel sjølv om økonomisk stønad skal gjevast som lån. Sjå spesielt sosialtenestelova §§ 18, 19, 21 og kapittel 2.

Forvaltningsloven
Sosialtjenesteloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Ta kontakt med Nav for å få hjelp til å søkje om lånet.

Saksbehandling

Kommunen (Nav) vil vurdere den økonomiske situasjonen din og kan foreslå fleire løysingar. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått lånet eller ikkje og kva for vilkår som skal gjelde.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan bli gjort vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er statsforvaltaren. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Tjenesten oppdatert: 09.03.2021 12:20

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk Sami - Samisk
Endre - INTERN
Møllergata 24 0179 Oslo
Tlf: 22 20 07 10
Org.nr.: 943505527