Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kystkultur - tilskott

Kulturminne langs kysten kan vere fyrstasjonar, båtar, naust, rorbuer, sjøhus, bryggjeanlegg, handelsstader. Du kan søkje om tilskot til å setje i stand desse.

Tenesteomtale

Du kan søkje om tilskott til å setje i stand freda og spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og virke langs kysten. Midla skal brukast til konkrete tiltak.

Målgruppe

I hovudsak private eigarar og forvaltarar (som kan vere privatpersonar, stiftingar, frivillige organisasjonar og liknande)

Kriterium/vilkår

Det vil bli gjort ei fagleg vurdering av dei kulturhistoriske verdiane. Kva vil tiltaket ha å seie for målet med tilskottsordninga? Det blir lagt vekt på bruk av tradisjonelle material, teknikkar og handverk og opplæring og kunnskapsoppbygging. Tilskotta blir fordelte etter denne prioriteringa:

  • tiltak som stansar og hindrar vidare forfall
  • tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det er få av

Sjå Norsk kulturminnefond for kriterium/vilkår for søknader som blir sende dit.

Samarbeidspartnarar

Riksantikvaren, fylkeskommunen og Norsk kulturminnefond

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Ta kontakt med fylkeskommunen dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga og om kor du skal sende søknaden.

Vedlegg

Utgreiing av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi.

Saksbehandling

På grunnlag av søknadene frå fylkeskommunane fordeler Riksantikvaren tilskottsmiddel som blir sende til fylkeskommunane for vidare fordeling. Det er fylkeskommunane som gjer vedtak om tilskott. Du får skriftleg melding om vedtaket. Styret i Norsk kulturminnefond gjer vedtak når det gjeld søknader som blir sende dit.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Riksantikvaren er klageinstans for saker som fylkeskommunen har behandla. Før klagen blir send dit, skal den instansen i fylkeskommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Blir vedtaket ståande, vil saka bli send til Riksantikvaren for klagebehandling. Klage på vedtak i Norsk kulturminnefond skal sendast til Kulturminnefondet.

Tjenesten oppdatert: 09.03.2021 13:39

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk Sami - Samisk
Endre - INTERN
Møllergata 24 0179 Oslo
Tlf: 22 20 07 10
Org.nr.: 943505527