Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Meldeplikt for verksemder som kan påverke helsa

Har du ei verksemd eller ei teneste som er open for allmenta og omfattar ei form for opphaldsmoglegheit, hygiene og pleie, bad eller bruk av vatn? Då har du meldeplikt ved oppstart og eventuelle endringar.

Tenesteomtale

For å sikre befolkninga mot faktorar i miljøet som kan verke negativt inn på helsa, har visse typar verksemder meldeplikt til kommunen før oppstart og ved vesentlege utvidingar eller endringar. Meldinga bør innehalde ei kortfatta oversikt over positive og negative miljøforhold som kan verke inn på helsa. Desse har meldeplikt:
  • asylmottak       
  • hospits
  • campingplassar og liknande
  • undervisningslokale og andre forsamlingslokale
  • verksemder som slepp ut avløpsvatn
  • verksemder som har kjøletårn og liknande innretningar
  • badeanlegg, inkludert boblebad, som er tilgjengeleg for allmenta
  • frisør- og hudpleieverksemder

Meldeplikta har heimel i lov om folkehelsearbeid § 10.

Lover

Styresmakta til kommunen er lovpålagd. Sjå spesielt folkehelseloven § 10 - Meldeplikt og godkjenning og kap. 3 - Miljørettet helsevern

Forvaltningsloven
Forskrift om hygienekrav for frisørvirksomhet m.v.
Folkehelseloven
Forskrift om miljørettet helsevern
Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu

Saksbehandling

Når du sender melding, inneber ikkje det at kommunen gjer eit vedtak. Men dersom meldinga avdekkjer forhold som er i strid med krava til helsesam forsvarleg drift, kan kommunen gje pålegg om konsekvensutgreiing, retting, tvangsmulkt eller stansing av verksemda. Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn. Det må vere eit fornuftig forhold mellom nytte og kostnad ved eit pålegg. 

Høve til å klage

Du kan klage på vedtak om pålegg innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Tjenesten oppdatert: 09.03.2021 14:50

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk Sami - Samisk
Endre - INTERN
Møllergata 24 0179 Oslo
Tlf: 22 20 07 10
Org.nr.: 943505527