Økonomisk rådgjeving
Har du problem med å betale rekningar eller gjelda di? Kommunen kan hjelpe deg med råd og rettleiing.
Tenesteomtale
Har du betalings- eller gjeldsproblem, kan kommunen gje deg økonomisk rådgjeving. Du skal sjølv etter beste evne prøve å komme fram til ei ordning med dei du skyldar pengar. Men du kan få hjelp til å setje opp eit realistisk budsjett, forhandle med kreditorar og inngå ei gjeldsordningsavtale. Nav har òg oppretta ei landsdekkjande telefonteneste som skal gje ei enkel rettleiing (sjå lenka i brosjyrefeltet).
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå
Gjeldsordningsloven § 1-5 Kommunens plikt til å bistå personer med alvorlige gjeldsproblemer
Sosialtjenesteloven
Forvaltningsloven
Forskrift om livsoppholdssatser
Gjeldsordningsloven
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
For at du skal få best mogleg hjelp frå rådgjevaren, er det viktig at rådgjevaren får nok informasjon til å danne seg eit korrekt og heilskapleg bilete av økonomien din. Slike opplysningar kan vere
- Siste skatteoppgjer
 - Saldo på alle kontiane
 - Kopi av husleige- eller framleigekontrakt for dokumentasjon av buutgifter
 - Lønnsinntekter og trygdeytingar dei siste tre månadene
 - Dokumentasjon på eventuell bustønad
 - Opplysningar om lån, kredittgjeld, osb.
 - Kvittering for betalt husleige og straum
 - Utgifter i til lege, fysioterapeut, kiropraktor, tannlege, osb.
 - Utgifter til barnehage, SFO eller annan barnepass
 - Utgifter til forsikring
 - Opplysningar om innskot i spareordningar
 
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd.
Tjenesten oppdatert: 13.05.2020 09:50


