Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Sjukeheim - avlastingsopphald

Dersom du er omsorgsperson for ein som er pleietrengande, kan du ha rett til avlastingsopphald for pasienten på sjukeheim.

Tenesteomtale

Personar som har omsorgsoppgåver heime, kan søkje om avlastingsopphald på sjukeheim. Den hjelpetrengande sjølv - som også kan søkje - får eit tidsavgrensa opphald i institusjon.

Målgruppe

Omsorgsytarar som har et særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Kriterium/vilkår

Personen som får avlasting, må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid i heimen. Moment som ein kan ta omsyn til, er mellom anna om søkjaren arbeider mange timar pr. månad med omsorgsarbeid, om arbeidet er meir tyngjande enn vanleg og om det fører til avbrot i nattesvevn eller sosial isolasjon.

Pris for tenesta

Kommunen kan ikkje krevje vederlag for avlastingsopphald.

Lover

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-2.

Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Kvalitetsforskrift for pleie- og omsorgstjenestene
Verdighetsgarantiforskriften

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Det er ikkje noko krav om at søknaden skal vere skriftleg. Du kan søkje munnleg over telefon.

Saksbehandling

Kommunen skal hente inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt kjem vi på eit heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du vil alltid få ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan klage på avgjerda. Du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Om du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen let avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om saka skal bli teken til følgje.

Tjenesten oppdatert: 13.04.2021 20:45

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk Sami - Samisk
Endre - INTERN
Møllergata 24 0179 Oslo
Tlf: 22 20 07 10
Org.nr.: 943505527