Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Skulemiljø - det fysiske miljøet

Skulen er arbeidsplassen til elevane, og som arbeidsplass skal han fremje helsa og trivselen til elevane, og vere tilrettelagd for elevar med nedsett funksjonsevne.

Tenesteomtale

Både bygget og uteplassen skal tilpassast alle barn og elevar, også dei med funksjonsnedsetjing.
Elevane skal få ta del i planlegginga og i arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø.
Skulen skal informere elevar og foreldre om rettane deira og om pliktene til skulen.
Elevar og foreldre kan snakke med skulen og be dei rette opp ting som ikkje fungerer bra nok. Det kan til dømes vere forhold rundt
  • uteplassen
  • inneklima, lysforhold og støynivå
  • hygiene, reingjering og smittevern
  • tryggleik.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen.

Lover

Dette er ei lovpålagd oppgåve for skulen. Sjå spesielt
Opplæringslova kapittel 12.

Opplæringslova
Forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger

Høve til å klage

Elevar og foreldre kan snakke med skulen og be dei rette opp ting som ikkje fungerer bra nok. Det kan til dømes vere forhold rundt
  • uteplassen
  • inneklima, lysforhold og støynivå
  • hygiene, reingjering og smittevern
  • tryggleik.
Skulen skal ta stilling til oppmodinga innan rimeleg tid. Viss ho ikkje følgjer opp innan rimeleg tid, kan du klage til kommunen sentralt. Kommunen vil vurdere om det er grunn for å følgje opp klaga, til dømes ved tilsyn. Denne vurderinga vil vere eit enkeltvedtak som du kan klage på. Ein slik klage på kommunen blir send til statsforvaltaren.

Tjenesten oppdatert: 29.05.2024 17:14

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk Sami - Samisk
Endre - INTERN
Møllergata 24 0179 Oslo
Tlf: 22 20 07 10
Org.nr.: 943505527