Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Transportteneste for funksjonshemma (TT-ordning)

Tilrettelagd transport (TT) er eit tilbod om dør-til-dør-transport for personar som på grunn av nedsett funksjonsevne eller sjukdom, ikkje kan bruke kollektivtransport.

Tenesteomtale

Er du funksjonshemma og treng dør-til-dør-transport for å delta i aktivitetar på lik line med alle andre, kan du søkje om TT-kort. Kortet dekkjer ei viss mengd reiser og du betalar ein eigendel for kvar tur. TT-ordninga skal brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.

Kriterium/vilkår

Du kan vanskeleg nytte det ordinære kollektivtilbodet i kommunen. 

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Samarbeidspartnarar

Samferdselsdepartementet har pålagt alle fylkeskommunane å organisere ei ordning med tilrettelagd transport.

Vedlegg

Legeerklæring

Saksbehandling

Fylkeskommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til fylkeskommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Fylkeskommunen skal behandle saken så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein trur at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

Tjenesten oppdatert: 11.05.2020 15:45

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk Sami - Samisk
Endre - INTERN
Møllergata 24 0179 Oslo
Tlf: 22 20 07 10
Org.nr.: 943505527