Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Vaksine

Du har rett til å få vaksinering mot smittsame sjukdommar. Det er kommunen si helseteneste som står for tilbodet.

Tenesteomtale

Helse- og omsorgstenesta tilbyr deg vaksinering mot smittsomme sjukdommar. Ta kontakt med fastlegen eller helsestasjonen. Det nasjonale vaksinasjonsprogrammet inneheld

  • barnevaksinasjonar til alle barn i førskule- og grunnskulealder
  • årleg sesonginfluensavaksinasjon til personar som er særleg utsette
  • vaksinasjon mot pandemisk influensa
  • vaksinasjon mot covid-19
  • andre vaksinar til visse risikogrupper (t.d. pneumokokkvaksine, hepatittvaksine, BCG)

Målgruppe

Personar som bur eller har mellombels tilhald i kommunen

Kriterium/vilkår

Nasjonalt folkehelseinstitutt fastset kva for personar som er i risikogruppene og som skal få tilbod om sesonginfluensavaksinasjon. Ved pandemisk influensa tilbyr kommunen vaksinering etter retningsliner frå Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Pris for tenesta

Barnevaksinasjon og vaksinasjon mot covid-19 er gratis. Elles betaler du ein eigendel.

Lover

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå
helse- og omsorgstenestelova § 1-1 og § 3-1
smittevernlova kapittel 3 

Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram
Smittevernloven
Helse- og omsorgstjenesteloven

Høve til å klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Tjenesten oppdatert: 27.04.2021 16:33

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk Sami - Samisk
Endre - INTERN
Møllergata 24 0179 Oslo
Tlf: 22 20 07 10
Org.nr.: 943505527